søndag 27. januar 2013

Morgontur!

I dag synes eg og Ananda at vi har vore flinke. Vi stod opp kl. 7 for å dra ut i Kolkatas gater for å ta bilder! Inn i ei av sidegatene ved sidan av plassen vi bur var det eit yrande folkeliv då vi kom gåande. Folk vaska seg og pussa tenna i rennesteinane, nokre sov framleis under presenningane sine og andre dei små bodene sine, som det var fult av i heile gata. Rundt oss tuta det i horn frå taxiar, mopedar og tuk-tukar, og meir enn ein gang prøvde folk å få oss opp i sykkelrikshawane sine. Det å gå rundt i gatene på den måten fikk oss verkeleg til å innsjå kor heldige vi er som bur i Norge, og ikkje på gata i Kolkata. Vi fekk tatt mange fine bilder, og folk var veldig vennlege og interesserte i å bli tatt bilde av. Ein av dei var ein liten gut som budde under ein presenning med familien sin. Han vinka oss bort, og vi kom i kontakte med heile familien hans. Ananda hadde med seg kort med bilder frå Norge på, og desse delte vi ut til barna i familien. Dei var kjempeglade, skulle gjerne likt å sjå ein norsk unge bli like glad for noko slikt! Ei veldig fin oppleving!

Litt bilder frå turen!





Når vi kom tilbake frå turen dro vi på lunsj og shopping med Selma, Adriana, Siv og Kine. Kosa oss på Pizza Hut, men med litt dårleg samvittighet for at vi kunne sitte der og meske oss mens andre svalt på gata.

Klem frå Ananda og Elise!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar