onsdag 23. januar 2013

1 uke igjen til avreise


I skrivande stund er det under ei veke, 7 dagar, til eg og resten av klassa reiser til India. Eg har alltid hatt lyst til å dra til India, og når eg tillegg reiser saman med den beste klassa i verda (+ lærar Ellen, som er kjempekul!) kan det jo berre bli bra! Eg gler meg heilt vanvittig mykje, og har talt ned til avreisedagen i fleire månader allereie.

Eg gler meg til å gå ut av flyet i Kolkata og svelge min første munnfull med indisk luft. Til alle dei fantastiske luktene. Til dei fine fargane. Til sol og varme. Til å få vener frå ei heilt anna verd enn den eg er vant til. Til å ri på elefantar. Til the Backwaters. Til å bade på krittkvite strender. Til å gå på marked i Kolkata. Til å bli minna på at eg tross alt er ganske heldig, som slepp fattigdom og nød. Til å fly over halve verda. Og til å tilbringe tre veker på tur med ein absolutt herleg gjeng!

Kos og klem frå Elise, søk på Global til neste år dersom du vil oppleve det samme!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar